Laurdag 5. desember 2026

Julemarknad i Lom

Lokalmat, bakst, handverk og julestemning mellom gamle hus – midt i fjellbygda.

Kl. 11–15Lom sentrum og PresthaugenGratis inngang

Velkomen til førjulsdag i fjellbygda

Første laurdagen i desember fyller vi Lom sentrum med boder, julelys og gode lukter. Lokalmat og spekepølser, nybakt bakst, handverk og heimelaga julegåver – med Lomseggen som kulisse. Marknaden strekkjer seg frå bakken mellom Smak i Lom og Bakeriet i Lom, via Norsk Fjellsenter og opp til Presthaugen bygdemuseum, der det blir hest, song og julenisse.

Folk i vinterklede på julemarknaden i Lom sentrum, med snødekte fjell i bakgrunnen
Handlaga kuksaer i tre på ein marknadsbod
Lokale spekepølser i eit tretrau på julemarknaden
Program

Laurdag 5. desember

Bodene er opne frå 11 til 15 på alle tre stadene. Programmet kan bli justert – sjekk sida att nærare marknaden.

  1. 11:00
    Marknaden opnarBoder i sentrum, ved Fjellsenteret og i Presthaugen
    Alle stader
  2. Frå 11:00
    Hesteriding og tur med hest og vognFor store og små
    Presthaugen
  3. 12:00
    Konsert med lokale krefterMeir informasjon kjem
    Presthaugen
  4. Etter konserten
    Julenissen kjem med hest og vognMøt nissen på tunet
    Presthaugen
  5. 13:00
    Lesestund i bakarhagenVed Biblioteket i Lom Ikkje stadfesta
    Bakeriet i Lom
  6. 14:00
    Konsert utanfor bakerietMeir informasjon kjem
    Sentrum
  7. 15:00
    Marknaden stengjerTakk for i år!
    Alle stader
Tre marknadsplassar

Rusl mellom bodene i sentrum

Alle tre stadene ligg i kort gangavstand frå kvarandre i Lom sentrum. Parker ved stavkyrkja og Fjellsenteret eller ved Extra.

Kart over Julemarknad i Lom Illustrert kart over Lom sentrum med dei tre marknadsplassane: 1 bakken ved Bakeriet i Lom, 2 Norsk Fjellsenter og 3 Presthaugen bygdemuseum. Parkering ved Lom stavkyrkje og Norsk Fjellsenter, og ved Extra. Bøvra Rv 15 Ottadalsvegen Fv 55 P P Lom stavkyrkje Prestfossen Extra BrimiBue 1 2 3 Bakeriet i Lom og Smak i Lom Norsk Fjellsenter Presthaugen bygdemuseum P Parkering 1 Marknadsplass Gangveg N Illustrasjon, ikkje i målestokk. Parker ved Lom stavkyrkje og Norsk Fjellsenter, eller ved Extra. Vegbeskriving: stavkyrkja · Vegbeskriving: Extra
1

Bakken i sentrum

Små boder og bord i bakken mellom Smak i Lom og Bakeriet i Lom, med Fjell og Fritid som nabo. Konsert utanfor bakeriet kl. 14.

Ute
2

Norsk Fjellsenter

Utstillarar både inne i Fjellsenteret og ute på plassen framfor.

InneUte
3

Presthaugen bygdemuseum

Den største marknadsplassen: boder ute og inne i dei gamle husa, telt, lavvo og matvogner. Hest og vogn, konsert og julenisse.

InneUteTelt og lavvoMatvogner
På marknaden

Kva du finn i bodene

LokalmatSpekepølser, ost og smakar frå dalen
BakstTradisjonsbakst og julekaker
Husflid og tekstilStrikk, vev og søm
Tre, keramikk og metallBrukskunst og handverk
Julepynt og kransarTil dør, bord og tre
KunstBilete, grafikk og kort
Servering og matvognerNoko varmt å eta og drikke
Lag og foreiningarLodd, kaffi og dugnadsånd
ElevbedrifterUnge gründerar frå skulane i området
Og mykje annaKom og finn overraskingane
For utstillarar

Vil du ha stand på julemarknaden?

Vi ønskjer oss lokale produsentar, handverkarar, lag og elevbedrifter. Søk no! Plassen er gratis, alle søknader blir vurderte fortløpande, og du får svar på e-post.

Søk om stand
  • Gratis plass for alleDet kostar ingenting å stå på marknaden
  • Tilgang til straumTa gjerne med eige bord eller telt. Vi har avgrensa med utstyr.
  • Løpande søknadsfristPlassen i sentrum er avgrensa, så søk gjerne tidleg

Ofte stilte spørsmål

Når er Julemarknad i Lom?

Julemarknaden er første laurdagen i desember kvart år. I 2026 er det laurdag 5. desember, kl. 11–15.

Kvar i Lom er marknaden?

I Lom sentrum: i bakken mellom Smak i Lom og Bakeriet i Lom, ved Norsk Fjellsenter og i Presthaugen bygdemuseum.

Kostar det noko å kome?

Nei, det er gratis inngang på alle stadene.

Er det noko for borna?

Ja – hesteriding og tur med hest og vogn i Presthaugen, julenissen kjem på besøk, og det kan bli lesestund i bakarhagen.

Korleis blir eg utstillar?

Fyll ut søknadsskjemaet. Vi har løpande søknadsfrist og svarar alle på e-post.

Praktisk

Kome seg hitLom ligg i Nord-Gudbrandsdalen, der riksveg 15 og Sognefjellsvegen (fv. 55) møtest.
ParkeringParker ved Lom stavkyrkje og Norsk Fjellsenter, eller ved Extra. Derfrå er det kort gange til alle marknadsplassane – sjå kartet.
Mat og kaffiServering i bodene, på kafear og hos Bakeriet i Lom.